Kvinne utan førarkort har krasja bil og campingvogn på E39

Ein bil har køyrt av vegen med campingvogn. Begge ligg no i grøfta ved Økslandsvatnet mellom Sande og Vadheim. Det var fem personar i bilen.

Ein bil har køyrt av vegen med campingvogn. Begge ligg no i grøfta ved Økslandsvatnet mellom Sande og Vadheim. Det var fem personar i bilen. Foto:

Bilen, med fire personar og campingvogn på slep, har krasja ved Øksdalsvatnet mellom Sande og Vadheim.

DEL

– Det er ikkje noko som tyder på at nokon er komme alvorleg til skade, men alle naudetatane har rykt ut, seier operasjonsleiar Svein Rune Halleraker.

Helse Førde melde om ulykka klokka 18.17.

Vegen er delvis stengd, og trafikken blir dirigert forbi.

Helse Førde melder like over klokka 19 at fire personar, to vaksne og to barn er sende til legevakt med ambulanse.

Førar hadde ikkje gyldig førarkort

– Det er ei kvinne i 40-åra som er sjåfør av bilen. Ho har ikkje gyldig førarkort, seier Halleraker.

Dermed blir ho politimeld to gonger. For trafikkulykka, og for å ha køyrt utan gyldig førarkort.

Halleraker understrekar at det ikkje er mistanke om at føraren var rusa.

Veit ikkje kva som har skjedd

Frida Vefring frå Høyanger lensmannskontor er innsatsleiar på staden,

– Det vi veit er at det er snakk om eit einsleg køyretøy med vogn. Årsaka til ulykka kjenner vi så langt ikkje, seier Vefring.

Artikkelen held fram under bildet

INNSATSLEIAR: Frida Verfring seier at dei ikkje veit korleis ulykka har skjedd, men at dei vil etterforske den vidare.

INNSATSLEIAR: Frida Verfring seier at dei ikkje veit korleis ulykka har skjedd, men at dei vil etterforske den vidare. Foto:

Ho seier at den kvinnelege sjåføren truleg har fått lettare skader. Dei andre tre i bilen framstår som uskadde.

– Bilen har komme frå Førde mot Vadheim. Campingvogna står i retning mot Vadheim, medan bilen har fronten andre vegen. Korleis dette har skjedd veit vi førebels ikkje, seier Vefring.

Ho seier politiet kjem til å etterforske ulykka vidare.

Høg asfaltkant

Firda sin journalist på staden seier at ulykka har skjedd på ei lang og oversiktleg strekke. Han seier asfaltkanten på staden er veldig høg, mellom 15 og 20 cm. Det er hjulspor utanfor asfaltkanten eit stykke før der bilen no ligg.

Artikkeltags