Dei kan bli avvikla

LOKALT STYRE: Tre av medlemene i dagens styre for Helse Førde. F.v. Harry Mowatt, Atle Hamar og Liv Stave.

LOKALT STYRE: Tre av medlemene i dagens styre for Helse Førde. F.v. Harry Mowatt, Atle Hamar og Liv Stave. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: Eit statleg utval snakkar om å legge ned styra for lokale helseføretak som Helse Førde, og gi sjukehusa større handlefridom.

DEL

Eit stort fleirtal i utvalet som har vurdert organiseringa av den statlege eigarskapen til spesialisthelsetenesta, vil i staden for å kutte regionnivået, behalde og styrke dei regionale føretaka. Leiaren og halvparten av utvalet vil også legge dei lokale føretaka inn under dei regionale styra. På våre kantar vil det bety at styret i Helse Førde blir borte, og at Helse Førde blir lagt direkte inn under styret i Helse Vest – om departementet følgjer rådet som kome frå det regjeringsoppnemnde utvalet.

Leiaren i utvalet, sjukehustungvektaren Stener Kvinnsland, overleverte torsdag rapporten sin til helseminister Bent Høie (H).

På tvers av statsråden

Konklusjonen i rapporten var høgst sannsynleg ei overrasking for helsestatsråden, som hadde bede utvalet vurdere tre ulike modellar som alle fjerna dei regionale helseføretaka.

I staden tilrår 13 av dei 16 utvalsmedlemane at Helse Vest og dei andre regionføretaka bør stå ved lag, og halve utvalet vil fjerne dei lokale sjukehusstyra. Mellom dei som tilrår dette, er utvalsleiar Kvinnsland.

– Dette vil klargjere ansvarsforhold og gi meir effektive styringsliner. Leiarane for sjukehusgruppene vil få ei klarare rolle, og større moglegheit til å påverke avgjerder på regionnivået, heiter det i ei pressemelding frå utvalet.

Ei slik organisering vil i praksis bety at adm. dir. Jon Bolstad i Helse Førde ikkje lenger vil ha eit eige styre over seg, men vere knytt opp mot Helse Vest og inngå i leiargruppa i Helse Vest.

Modellen vil mellom anna gjere at sjukehusa får meir sjølvstyre og handlefridom i spørsmål som gjeld drifta, går det fram av pressemeldinga.

Maktkonsentrasjon

Men tilrådinga frå utvalet er ikkje eintydig. Aps tidlegare helseminister Sylvia Brustad, som er med i utvalet, er ifølgje Dagens Næringsliv del av den halvparten som ikkje vil legge sjukehusa inn under regionstyra. Ho, og dei andre som vil behalde også dei lokale føretaksstyra, fryktar at det blir for stor maktkonsentrasjon, spesielt når det gjeld den store regionen Helse Sør-Øst.

Oppdraget utvalet hadde fått frå regjeringa, spegla av eit tydeleg ønske om å sentralisere makta nasjonalt. Dei tre modellane helseminister Høie ville ha greidd ut, gjekk ut på at departementa skulle overta styringa av sjukehusa, eller at eit nytt direktorat skulle gjere det – eller at dei nasjonale føretaka skulle samlast i eitt nasjonalt føretak.

– Ingen av delane, svara utvalet, og leverte ei tilråding som i staden betyr større regional samling av makt.

Artikkeltags