Luftambulansen forstyrra av GPS-jammarar

Luftambulansane har fleire gonger opplevd at dei har mista navigasjonssystemet på grunn av utstyr som forstyrrar GPS-signal.

Luftambulansane har fleire gonger opplevd at dei har mista navigasjonssystemet på grunn av utstyr som forstyrrar GPS-signal. Foto:

Av

HELSE: Luftambulansane har fleire gonger opplevd at dei har mista navigasjonssystemet på grunn av utstyr som forstyrrar GPS-signal.

DEL

Ved fleire høve har Luftambulansen opplevd dette, skriv Bergens Tidende.

– Vi ramlar ikkje ut av himmelen sjølv om vi mistar signalet, men viss det er overskya eller dårleg sikt, må vi anten leggja om ruta, eller avbryte oppdraget. Det er klart det kan få konsekvensar for pasientane, seier basesjefspilot Marius Malmo for Luftambulansen i Bergen til avisa.

Utstyr som forstyrrar GPS-signal er ulovleg, men blir blant anna brukt av kriminelle for å skjule stolne bilar eller for å gjera bilar usynlege for transportfirma som har flåtestyring. Nkom ser svært alvorleg på bruk av jammarar.

– Dette er utstyr som er laga for å skapa interferens og forstyrringar av GPS-system eller andre samfunnsviktige kommunikasjonstenester. I slike saker meiner Nkom at det bør påleggjast ein klart merkbar reaksjon for å hindra at bruk av jammarar aukar, seier avdelingsdirektør Per Eirik Heimdal i teknologiavdelinga i Nkom.

Artikkeltags