NTB: Listeriose-sjuke truleg smitta av rakfisk

SMITTE: Sidan november har 13 personar i landet fått påvist listeriose.

SMITTE: Sidan november har 13 personar i landet fått påvist listeriose. Foto:

Av

HELSE: Rakfisk frå Slidre Ørretsenter AS er truleg årsaka til listerioseutbrotet og blir trekt frå marknaden. Det er påvist listeriabakteriar i fisken.

DEL

Sidan november har 13 personar fått påvist listeriose, og ifølgje Mattilsynet er det sannsynleg at rakfisken herfrå er årsaka til utbrotet.

Det er så langt påvist bakteriar med lik DNA-profil hos åtte av pasientane.

Rakfisken er distribuert og seld over heile landet, og alle variantar av produktet blir no trekt tilbake. Slidre Ørretsenter AS ber dei som har kjøpt produkta, om å kaste desse eller levere dei tilbake til butikken der dei er kjøpte.

– Etterforskinga fortset for å bekrefte kjelda og identifisere årsaka til utbrotet, seier seksjonssjef Siv Jorunn Nordlund i Mattilsynet.

Dei samarbeider med Folkehelseinstituttet, kommunehelsetenesta og Veterinærinstituttet i saka.

Smittekjelder

Listeriabakterien smittar vanlegvis gjennom mat, spesielt kjølelagra matvarer med lang haldbarheitstid som blir ete utan å varmast opp. Døme er rakfisk og mjuke og halvmjuke ostar som brie, camembert og andre muggostar.

Dei fleste toler bakteriane, men risikogrupper bør unngå produkt som gir risiko for listeriasmitte. Dette gjeld eldre med svekt helse, gravide og personar med nedsett immunforsvar.

Åtvarar risikogrupper

I tillegg bør risikogruppene unngå desse matvarene, eller i alle fall ete dei ferskast mogleg og aldri etter at bruksdatoen har gått ut:

  • Gravlaks og røykjelaks.
  • Oppskore, kokt kjøtpålegg (skinke, rull, sylte, servelat og liknande).
  • Rått kjøt, grava kjøt, tartar, og speka kjøt, til dømes spekepølse og morrpølse.

Listeriose kan gi ulike symptom som diaré, milde influensaliknande plager, blodforgifting eller hjernehinnebetennelse. Bakterien kan òg smitte frå mor til barn under graviditeten og føre til alvorleg sjukdom hos fosteret.

(©NPK)

Artikkeltags