Frakta til sjukehus i luftambulanse etter fall i skibakke

LUSTER: Ein mann i midten av 20-åra er innlagt på Førde sentralsjukehus etter eit skifall.

DEL

Meldinga om ulykka, som skjedde klokka 16.07, vart meldt av AMK ved Helse Førde klokka 17.53.

Ein person er meldt frakta til Førde sentralsjukehus i luftambulanse, etter ei fallulykke ved Sogn Skisenter i Luster. Fallet skal ha skjedd i skibakken, melder AMK.

Skiløparen skal no vere innlagt ved Førde sentralsjukehus. Vedkommande er ein mann i midten av 20-åra, melder AMK.

Artikkeltags