Grønt lys for ny behandling av føflekk-kreft

Av
DEL

Beslutningsforum for nye metodar har godkjent at nye legemiddel for føflekk-kreft blir tekne i bruk.

Pasientar med stadium III føflekk-kreft kan dermed få behandling med kombinasjon av legemidla Tafinlar og Mekinist dekt av det offentlege. Dette er ei førebyggjande tilleggsbehandling som blir gjort etter operasjon.

Beslutningsforum tok stilling til totalt ni nye metodar i møtet sitt måndag. I tillegg til kreftbehandlinga fekk òg legemiddel for hiv, leverkreft og leukemi ja frå avgjerdsforumet.

Beslutningsforum har òg godkjent prehospital CT for tidleg diagnostikk og behandling ved mistanke om hjerneslag og alvorlege hodeskader. Det består av ei spesialisert mobil eining til bruk i ambulanse eller helikopter, utstyrt med mellom anna CT-skannar, skriv Dagens Medisin. Metoden gjer det mogleg med oppstart av blodproppløysande behandling før pasienten blir frakta til sjukehus

(©NPK)

Artikkeltags