Kong Harald er innlagd på sjukehus

SJUKMELD: Ein forventar at kongen blir utskriven før helga, men han blir sjukmeld i to veker. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

SJUKMELD: Ein forventar at kongen blir utskriven før helga, men han blir sjukmeld i to veker. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Kronprins Haakon er regent i to veker, melder kongehuset.

DEL

HM Kong Harald (82) blei onsdag innlagd på Rikshospitalet på grunn av svimmelheit.

Det er ikkje funne alvorleg sjukdom, melder kongehuset på eigne heimesider.

Kongen melde avbod til opninga av Johan Sverdrup-feltet tysdag grunna påkjenninga den siste tida.

Ein forventar at kongen blir utskriven før helga, men han blir sjukmeld i to veker. I denne perioden vil HKH Kronprins Haakon vere regent.

Artikkeltags