Kraftig auke i talet på politifolk som blir skadde på jobb

Av

Heile 594 polititilsette vart skadde i teneste i 2018. Det er ein auke på 33 prosent frå året før, viser ein HMS-rapport.

DEL

HMS-rapporten frå bedriftshelsetenesta til politiet som Aftenposten har fått tilgang til, viser òg at talet på meldingar av vald mot politifolk auka med 13,6 prosent til 1.457 saker.

200 av dei 594 polititilsette som vart skadde i teneste i fjor, vart skadde under arrestasjon eller ransaking av mistenkte. I tillegg vart 37 skadde under framstilling til rettsmøte og domstolar.

Rapporten viser at det er store forskjellar mellom politidistrikta. Flest tenestemenn vart skadde i Sørvest politidistrikt og Vest politidistrikt. I både Bergen og Stavanger vart det rapportert om fleire politiskadar enn i Oslo, sjølv om hovudstadspolitiet har langt fleire tilsette.

– Vi er bekymra. Dette er for høge tal. Om dette kjem av endra registreringsrutinar, lågare terskel for å melde vald eller tøffare arbeidsforhold ute på oppdrag, veit vi ikkje. Inntrykket mitt er at respekten for politiet har vorte mindre, seier Per Anders Røsjorde, lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund i Sørvest politidistrikt, til avisa.

I tillegg til at politifolk blir skadde i teneste, skjedde ein av fire personskadar under trening. Politiet er pålagt minst 48 timar med øving i året.

Artikkeltags