No er tre nye dagsturhytter på plass

Dei nye hyttene ligg i Solund, Hyllestad og Fjaler.

DEL

Hytta i Hyllestad blir kalla Sørefjordhytta. Den ligg ved Sørefjordvatnet og har utsikt mot Lihesten og Åfjorden. Hytta i Hyllestad er open for bruk, men det føregår framleis litt dugnadsarbeid som rydding av skog og skruing av terrassebord.

Den offisielle opninga tek først stad 6. september.

I nabokommunen Fjaler, ligg hytta Vidsyn ved Bygdeheiar. Den har utsikt i alle retningar, derav namnet.

På Facebook-gruppa melder Ingeborg Tysnes at det elektriske er på plass, men at det framleis står att litt før hytta er heilt klar.

I Solund kommune ligg Sognesjøhytta, den ligg sør for Hardbakke nær Hopsosen. Her har ein utsikt over Sognesjøen.

Både i Fjaler og Solund er offisiell opning planlagt i slutten av august.

På heimesida til fylkeskommunen og ut.no finn ein kart og turskildringar til dei ulike dagsturhyttene i fylket.

Artikkeltags