Kvar fjerde sjukehustime på Vestlandet blir ikkje brukt

PASIENTAR MØTER IKKJE: I slutten av november hadde sjukehusa i Helse vest 592.000 ubrukte timar på poliklinikkane, noko som utgjer ein firedel av kapasiteten, skriv Bergens Tidende.

PASIENTAR MØTER IKKJE: I slutten av november hadde sjukehusa i Helse vest 592.000 ubrukte timar på poliklinikkane, noko som utgjer ein firedel av kapasiteten, skriv Bergens Tidende. Foto:

HELSE: På poliklinikkane på sjukehusa på Vestlandet er kvar fjerde time utan pasientar.

DEL

I slutten av november hadde sjukehusa i Helse vest 592.000 ubrukte timar på poliklinikkane, noko som utgjer ein firedel av kapasiteten, skriv Bergens Tidende.

212.000 av dei ubrukte timane kjem av at pasientane sjølv har endra timebestillinga så kort tid i førevegen at sjukehuset ikkje har klart å tilby timen til ein annan pasient. 100.000 av dei ubrukte timane er plasserte i ein sekkepost for andre grunnar, som at pasienten sjølv meiner problemet er løyst eller at han har fått behandling ein annan stad.

79.000 timar vart ikkje brukt på grunn av sjukefråvær hos personalet.

For å få ned talet på avbestillingar på kort varsel, lanserer helseregionen neste år ei ny dataløysing som gjer det mogleg for pasientane å booke om timen på nett. Ordninga vil i starten vere reservert pasientar som berre treng enkelttimar.

Artikkeltags