Nei, Vølabygget er ikkje der du blir operert. No har FSS-bygningane fått nye namn

SENTRALSJUKEHUSET: Sjukehuset i Førde har blitt påbygd fleire gonger, og ei ny, stor utviding er i gang. No får alle delane av komplekset nye namn.

SENTRALSJUKEHUSET: Sjukehuset i Førde har blitt påbygd fleire gonger, og ei ny, stor utviding er i gang. No får alle delane av komplekset nye namn. Foto:

Vi skal ikkje lenger snakke om Hovudblokka ved Førde sentralsjukehus. Den karakteristiske sjukehusbygningen på Vie skiftar namn til Svanabygget.

DEL

Endringa har samband med at Helse Førde bygger to nye bygg, som treng eigne namn. Den namneprosessen ende opp med at alle bygningane på sjukehusområdet fekk nye namn, med utgangspunkt i norrøne ord og omgrep.

– Vanlegvis har namnet på byggeprosjektet også blitt namnet på bygget, slik det til dømes skjedde då vi reiste Prehospitalt bygg. No tok vi sjansen på å bryte denne tradisjonen, seier administrerande direktør Arve Varden, ifølge Helse Førdes eiga nettside.

Heilt ny namnemåte

Dei nye namna ligg fjernt frå det tilsette og folk flest kallar sjukehusbygningane i dag.

Den høge hovudblokka har fått namnet Svanabygget, eit namn som rett nok ikkje ligg heilt i det norrøne sporet for den nye namneskikken, men som tek utgangspunkt i vegadressa til sjukehuset: Svanehaug.

Bygg aust, der også den interkommunale legevakta held til, skal no heite Hildrabygget.

Ambulansetenestene si tilhaldsstad, Prehospitalt bygg, har fått namnet Farabygget.

NAMNA: Her er dei nye nemningane på sjukehusbygga i Førde.

NAMNA: Her er dei nye nemningane på sjukehusbygga i Førde. Foto:

Nybygget som no blir reist for psykisk helsevern blir Dagabygget.

Somatikkens nybygg kjem til å få namnet Livabygget.

Det noverande psykiatribygget skiftar namn til Angabygget.

Bygget der ungdomspsykiatrien held til, blir Støabygget.

Og teknisk bygg? Ja, det får namnet Vølabygget.

Helse Førdes toppsjef seier han håpar at også publikum vil oppleve dei nye namna positivt.

Blir innført steg for steg

Framlegget om å ta utgangspunkt i norrøne ord og omgrep som bygningsnamn dukka opp i samband med ein intern namnekonkurranse i fjor. No skal dei nye namna innførast steg for steg. Etter kvart vil også publikum møte dei, som skilt ved inngangsdører, i digitale verktøy, og gjennom fargekodar og ikon. Tanken er at dette skal hjelpe pasientar og andre å finne fram på sjukehusområdet, fortel leiinga i Helse Førde.

BYGGEPROSJEKT: Om lag slik blir Førde sentralsjukehus sjåande ut, når nybygga til psykiatrien og somatikken står ferdige. Dei to bygningane får namna Dagabygget og Livabygget. Skisse: Helse Førde.

BYGGEPROSJEKT: Om lag slik blir Førde sentralsjukehus sjåande ut, når nybygga til psykiatrien og somatikken står ferdige. Dei to bygningane får namna Dagabygget og Livabygget. Skisse: Helse Førde.

Men kva tyder så dei ulike nye namna? Her er Helse Førdes eigne forklaringar:

Livabygget: Liv er eit kvinnenamn utgått av det norrøne ordet hlif som betyr «vern» eller «beskyttelse». Namnet har også blitt assosiert til det norrøne ordet líf, «liv». Norrøne variantar av namnet er Hlíf, Hlífa og Lífa.

Dagabygget: Daga/dage (norrønt daga) lysne, dagast.

Angabygget: Anga/ange (norrønt angi; samanheng med i and) (god) lukt av vår med ange av sevje og mold |nysprotte lauv som angar friskt | å lukte på.

Svanabygget: Utleia av adressa til sjukehuset, Svanehaugvegen 2. Hovudinngang.

Hildrabygget: Hildre – om land: Sjå ut til å sveve i lufta i synsranda; òg: vise seg større enn det er, hildre i solglansen | hildre fram, opp.

Farabygget: Fare (norrønt fara): Flytte seg fort; suse, fyke, renne, sprette, dette; Fare gjennom lufta / fare over ende, på hovudet / fare opp, i vêret / fare på dør / fare (laus) på nokon / fyke på / det fór (kaldt) gjennom han.

Støabygget: Støa (norrønt stoð) bjelke, påle, stokk, kloss og liknande, som tener til å bere, stive av eller stø noko | som etterledd i bokstø, ryggstø. Norrønt – stǿðr i samansetningar som hugstǿðr, som ein støtt tenkjer på | som står fast og godt; fast, sikker, gå, stå støtt | ikkje vere heilt stø på føtene | stø som fjellstø som fjell stødig, traust, ein stø og påliteleg arbeidskar, ein som ikkje skjelv, vinglar vere stø på handa, foten.

Vølabygget: Vøle (norrønt véla). Setje i stand, bøte. Vøle eit gammalt hus / vøle litt på vegen etter regnvêret/ stelle til, pynte / vøle kring husa til 17. mai.

Artikkeltags