Mistenker at pasient er smitta av rabies

Ein pasient ved Førde sentralsjukehus kan vere smitta av rabies.

DEL

– Vedkommande vart biten av ein hund under ein ferietur i Asia for vel to månadar sidan, og har gradvis vorte dårlegare.

Det melder helseføretaket i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Etter å ha blitt kjend med at pasienten er blitt biten av ein hund i samband med ein ferietur, vart det torsdag teke prøvar og sendt til analyse i Sverige. Prøvesvaret er venta tidlegast søndag.

Det er også kjent at personar i reisefølget, heimehøyrande i andre fylke, var i kontakt med den aktuelle hunden. Smittevernet i deira kommunar er varsla.

– Diagnosen er enno ikkje stadfesta, men pasienten er alvorleg sjuk og til behandling. Vi tek no naudsynte forholdsreglar, og gjer nødvendige smitteverntiltak slik regelverket tilseier, seier fagdirektør i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes.

På eit informasjonsmøte for tilsette ved Førde sentralsjukehus fredag opplyste Vingsnes at det ikkje er rapportert om at rabies smittar mellom menneske. Smitte til helsepersonell ved enkelte medisinske prosedyrar kan ikkje utelukkast, men det er aldri dokumentert at det har skjedd korkje i Norge eller i utlandet.

– Rabies er ein uhyre sjeldan sjukdom i Norge. Om dette er rabies, er det første innanlands tilfellet på fastlandet sidan 1815, seier Vingsnes.

Helse Førde har varsla blant andre Folkehelseinstituttet, kommuneoverlege i heimkommunen til pasienten som er innlagt i Førde og smittevernlegane i heimkommunane til dei andre som var i kontakt med hunden.

Administrerande direktør i Helse Førde varslar vidare etter gjeldande prosedyrar.

Artikkeltags