Helse Førde har redusert kapasitet på telefon onsdag kveld

Helse Førde har redusert telefonkapasitet onsdag kveld. Illustrasjonsfoto (personane på bildet har ingenting med denne konkrete saka å gjere).

Helse Førde har redusert telefonkapasitet onsdag kveld. Illustrasjonsfoto (personane på bildet har ingenting med denne konkrete saka å gjere). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ber om at publikum berre ringer viss det er viktige samtalar.

DEL

Omlegging og oppdatering av telefonsentralane i Helse Førde gjer at telefonkapasiteten vert redusert i kveld, onsdag 29. november, mellom klokka 20 og 24.

Alle behandlingsstadane i føretaket er omfatta av arbeidet, opplyser Terje Ulvedal, kommunikasjonssjef i Helse Førde.

Medisinsk nødhjelpsnummer 113, telefonnummer 116117 til legevaktsentralane og andre telefonar til AMK i Førde er ikkje omfatta av omlegginga.

Men utover dette ber Helse Førde om at berre viktige inngåande samtalar blir prioriterte den tida omlegginga går føre seg.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken