Gav ikkje forsvarlege helsetenester

Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: Mannen som forsvann frå institusjon i Årdal fekk ikkje forsvarlege tenester, meiner Fylkesmannen.

DEL

Fylkesmannen har konkludert med at Årdal kommune ikkje sikra forsvarlege helse- og omsorgstenester for den 37 år gamle mannen som forsvann 9. mai i år.

Mannen var pasient ved Melås Helse AS, og var på fottur med institusjonen til Haukåsen då han forsvann.

Sjølv om tenestene er kjøpt av Melås Helse AS, er det Årdal kommune som har overordna ansvar. Ifølge Fylkesmannen er kvaliteten ikkje tilstrekkeleg sikra gjennom rutinar og internkontroll.

Årdal kommune har frist til 1. februar til å vise korleis dei vil sikre at brukarar dei har ansvar for, får forsvarleg hjelp og oppfølging når dei leiger ein privat aktør til å levere tenestene.

Fylkesmannen peikar også på at Melås Helse har ansvar for å levere tenester i tråd med lovverket. Gjennomgangen av all dokumentasjon i saka, gir ifølge Fylkesmannen indikasjon på svikt som er så alvorlege at saka blir send vidare til Statens helsetilsyn for vurdering.

Onsdag 6. juli, etter ni veker, vart det gjort endå eit søk.

– Det er openbart at vi no er i ferd med å gå inn i ein sluttfase, sa lensmann Arne Johannessen til Sogn Avis den gongen, men la til at dei kan vere opne for nye søk seinare.

Mannen er framleis ikkje funnen.

Artikkeltags