Vitamintilskot i svangerskapet fremjar språkutvikling hos barnet

Artikkelen er over 1 år gammel

FORSKING: Ved Universitetet i Bergen har dei gjort ein ny studie som viser at kvinner med epilepsi har spesielt god effekt av vitamintilskotet folsyre.

DEL

Vitamintilskot tidleg i graviditeten kan hindre forsinka språkutvikling hos barn.

Det skriv Universitetet i Bergen i ei pressemelding.

Studiet har retta seg hovudsakleg mot kvinner med epilepsi. Studiar blant friske gravide kvinner har vist at folsyrevitamintilskudd i svangerskapet er gunstig for språkutviklinga til barnet.

– I vår studie har vi funne at effekten er endå gunstigare hos gravide med epilepsi når mor brukar epilepsimedisinar i svangerskapet, forklarar stipendiat, lege og hovudforfattar Elisabeth Synnøve Nilsen Husebye ved Klinisk institutt 1 på Universitetet i Bergen.

Epilepsimedisin forsinkar språkutvikling

Studien har brukt data frå «Den norske mor og barn-studien», og blei publisert på nett 01. august i Neurology, tidsskriftet til The American Academy of Neurology.

Alle kvinner i Norge som planlegg å bli gravide er anbefalt tilskot av folsyrevitamin i svangerskapet. Kvinner med epilepsi er anbefalt høgare dosar folsyrevitamin, fordi epilepsimedisinar kan påverke nivået av folsyre i kroppen. Epilepsimedisinane i seg sjølv kan føre til forsinka språkutvikling hos barnet.

– Vår studie er viktig for kvinner med epilepsi fordi vi viser at noko så enkelt som tilskot av folsyrevitamin kan motverke forsinka språkutvikling hos barnet forårsaka av epilepsimedisinar, som mor altså ofte ikkje kan unngå å bruke, forklarar Husebye.

Kan ha store konsekvensar

– Vi fann at det er tidleg i svangerskapet og før unnfangelse at folsyrevitamintilskudd er viktigast, seier Husebye, og legg til:

– Forsinka språkutvikling kan ha store konsekvensar for sosialt liv, skulegang, utdanning og jobbmoglegheiter for barnet. Vår studie er første studie som viser at folsyretilskot tidleg i svangerskapet kan motverke epilepsimedisinane si skadelege effekt på språkutvikling.

Artikkeltags