Fleire tar rabiesvaksine etter at norsk kvinne døydde

FØRSTE RABIES-SMITTA SIDAN 1815: Tidlegare i år døydde 24 år gamle Birgitte Kallestad på Førde sentralsjukehus. Ho vart smitta av rabies på Fillipinane.

FØRSTE RABIES-SMITTA SIDAN 1815: Tidlegare i år døydde 24 år gamle Birgitte Kallestad på Førde sentralsjukehus. Ho vart smitta av rabies på Fillipinane. Foto:

Av

Etter at ei kvinne i 20-åra døydde av rabies i vår, har fleire tatt rabiesvaksine. Hittil i år er det selt fleire rabiesvaksinar enn i heile 2018, skriv NRK.

DEL

Medan det vart selt 13.680 dosar i fjor, er talet så langt i år på 14.394 dosar, ifølgje Farmastat.

I mai døydde Birgitte Kallestad på Førde sjukehus etter å ha vorte biten av ein kvalp på Filippinane. Kallestad vart sjuk ei tid etter at ho kom heim til Noreg. Den dødelege virussjukdommen blir overført via kroppsvæske, normalt som følgje av bit. Kvinna var ikkje vaksinert.

– Vi får framleis fleire førespurnader enn tidlegare, både før og etter reise. Rabies er ein sjukdom som har ei god behandling, dersom ein startar rett etter ein blir smitta, så det at folk er meir bevisste, er positivt, seier lege Niemi Eide ved Folkehelseinstituttet til NRK.

Merksemda rundt dødsfallet var stor, og kort tid etter melde reiseklinikkar om at fleire enn normalt tok kontakt om vaksinasjon. Det gjer folk framleis, ifølgje lege Gunnar Hasle ved Reiseklinikken. Han seier dei har rundt 15 førespurnader i månaden om rabies.

Artikkeltags