Ventar influensautbrot etter nyttår

SJUK: Folkehelseinstituttet ventar den største bølga av influensa over nyttår.

SJUK: Folkehelseinstituttet ventar den største bølga av influensa over nyttår. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: Førekomsten av influensa vil auke mot jul, men det er truleg ikkje før etter nyttår at det store utbrotet kjem, ifølgje Folkehelseinstituttet.

DEL

– I dei fleste deler av landet er det førebels svært låg influensaaktivitet. Vi ser derimot ei lita auke veke for veke som tyder på at eit utbrot er på trappene. Mange vil truleg bli sjuke i jula, men det er nok først etter nyttår flest vil bli råka, seier avdelingsdirektør Siri H. Hauge ved Folkehelseinstituttet (FHI) til eigne nettsider.

Kan gje dødsfall hos eldre

heimesida si skriv dei at det er virustypane A (H3N2 og influensa B/Yamagata), som særleg råka dei eldre i fjorårets sesong, som er i sirkulasjon i Norge akkurat no.

– Det er dei eldre aldersgruppene som i størst grad blir alvorleg sjuke av influensa A (H3N2) og influensa B/Yamagata. Sjukehusinnleggingar og dødsfall kan forventast, seier Hauge.

Kva for virus som får størst ut spreiing er enno usikkert og regionale forskjellar kan førekomme.

– Vaksine er beste førebygging

– Undersøkingar viser at store delar av befolkninga hadde god beskyttelse mot influensa A (H1N1) og A (H3N2) før sesongstart. Det kan bidra til at årets utbrot blir mindre kraftig med færre sjuke enn sist vinter, seier Hauge.

Årets vaksine beskyttar ikkje like godt mot desse virustypane, likevel strekar Hauge under at vaksine er den beste måten å førebygge influensa på.

– Sjølv om ikkje vaksinen beskyttar deg mot sjukdom, kan den sørge for at sjukdomsforløpet blir mindre alvorleg.

Artikkeltags