Fleire hundre gravide norske kvinner tek test i utlandet for kromosomfeil

Av

HELSE: Kvart år reiser fleire hundre gravide norske kvinner til utlandet for å ta ei blodprøve som kan påvise kromosomfeil på fosteret dei ber.

DEL

Jordmor Anneli Asker ved Barnmorskehuset i Sverige, seier rundt 800 norske kvinner kjem dit kvart år for å ta testen som kostar 5.000 kroner i Sverige, melder NRK.

– Rundt halvparten av kundane våre kjem frå Noreg, seier Asker.

Testen, som kan påvise tre kromosomfeil – inkludert Downs syndrom – vart tilgjengeleg i Noreg denne månaden, men berre for kvinner over 38 år.

– Bakgrunnen for at vi har gått inn for avgrensa bruk, er at vi meiner det er viktig med eit samfunn der det er plass til alle, seier statssekretær Maria Jahrmann Bjerke (H) i Helsedepartementet. Ho er imot å bruke testen som primærtest, fordi ho meiner det vil innebere at Downs syndrom blir luka ut som ein uønskt tilstand.

Seher Aydar, som er stortingssvara for Raudt, meiner derimot testen bør vere tilgjengeleg i Noreg, før første tolvte svangerskapsveke.

– Når vi snakkar om sorteringssamfunn, bør vi òg sjå på at rike menneske som har moglegheit til å reise til eit anna land, dei kan få informasjon, mens dei som ikkje har råd, må bli her. Det er det som er sorteringssamfunnet, seier ho til NRK.

Artikkeltags