Fleire barn enn tidlegare rekna med får biverknader av ADHD-medisinar

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: Langt fleire barn enn ein tidlegare har rekna med opplever biverknader ved å ta medisinar som ritalin mot ADHD, viser ein ny studie.

DEL

Tidlegare rekna forskarar med at mellom 1 til 10 prosent av alle barn på ADHD-medisinar opplever nedsett appetitt.

Men etter at forskarar har gått gjennom 260 tidlegare studiar om biverknader av AHDH-medisinar, viser det seg at talet er over 30 prosent, skriv Forskning.no.

Dessutan blir det rekna med at fleire barn enn tidlegare er triste og irritable, og fleire opplever søvnproblem, når dei tek medisinar mot sjukdommen.

Likevel rår ein av rapportforfattarane Ole Jakob Storebø, seniorforskar i Region Sjælland og Syddansk Universitet, til at barna held fram å ta medisinane.

– I utgangspunktet er eg ikkje mot at ein behandlar barn med ADHD-medisinar. Eg arbeider i psykiatrien sjølv og opplever at det verkar for nokre barn. Men eg synest det er viktig at vi er ærlege rundt kunnskapen om medisinane, seier Storebø.

Dei nye funna bør gjerast kjent i rådgjevinga av foreldra til barn med ADHD, slår Storebø fast. Han peikar på at skilnadene mellom 1 til 10 prosent og 30 prosent er mykje.

– Dette påverkar trivselen til barn, og difor er det viktig for foreldra å kjenna til biverknaden, seier Storebø.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken