Kran fall ned i Florø – førar vart treft i ansiktet av krankablar

FALL NED: Krana fall ned på Fugleskjærskaia.

FALL NED: Krana fall ned på Fugleskjærskaia. Foto:

Vert flogen til Haukeland i luftambulanse.

DEL

Vest politidistrikt fekk melding klokka 17.26 laurdag om ei arbeidsulykke ved Fugleskjerskaien i Florø.

Ein båt skal ha mista ei kran ned på kaia. Naudetatane vart sendt til staden.

Vaken og bevisst

– Kranføraren er ein mann i 50-åra. Han kom seg ut utan alvorlege skader, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Vedkommande vart sett til av lege som kom til staden i ambulanse. Ifølge Rebnord var kranføraren vaken og bevisst, men han hadde blødde frå eit kutt i hovudet etter ulykka.

Ulykka skal ha skjedd under container-lossing frå skip. Kranarmen losna og fall deretter ned på skipsdekket og kaien. Ifølge politiet vart kranføraren då treft i ansiktet av krankablar.

– Legen meinte at alt var greitt med kranføraren, men ved nærmare undersøking fann legen ut at han mogeleg hadde fått ein augeskade, seier Rebnord.

Kranføraren er flogen i luftambulanse til Haukeland sjukehus.

Hendinga er filma

Politiet var på staden og avhøyrde vitne og for vidare undersøking av hendinga.

– Det er kamera på kaia, så hendinga er filma, seier Rebnord.

Det var ingen andre personskadar i ulukka.

– Det skal vere store materielle skader på kaia og på skipet, seier Rebnord.

Artikkeltags