Skal drille alle tilsette på Haukeland i å oppdage blodforgifting

TILTAK: Haukeland sjukehus skal i gang med tiltak for å raskare oppdage tilfelle av blodforgiftning hos pasientar.

TILTAK: Haukeland sjukehus skal i gang med tiltak for å raskare oppdage tilfelle av blodforgiftning hos pasientar. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Vi er dårlege til å oppdage tilfelle som oppstår på sjukehuset, seier overlege.

DEL

– Vi har fått på plass eit straumlinjeforma mottak av pasientar som kjem inn med mogleg blodforgiftning. No skal vi også bli betre til å oppdage sepsis hos pasientar som er innlagde, seier Hans Flaatten, professor og overlege ved intensivmedisinsk seksjon på Haukeland sjukehus.

Etter eit tilsyn ved Mottaksklinikken i juni 2016, konkluderte Fylkesmannen i Hordaland med at pasientar med blodforgiftning (sepsis) ikkje fikk forsvarleg behandling på Haukeland sjukehus.

Haukeland kom dårlegast ut i Helse Vest, men ingen sjukehus oppfylte krava til kor raskt sepsis skal identifiserast og behandling med antibiotika skal igangsetjast, seier Flaatten.

– Kritikken av mottaket vårt av pasientar med blodforgiftning var ein augeopnar. Vi var for dårlege, fastslår han.

Saka held fram under bildet.

BEDRE: Haukeland har blitt bedre på å oppdage blodforgiftning hos pasienter som kommer til sykehuset, forteller Hans Flaatten.FOTO: KATHERINE FErGUSON

BEDRE: Haukeland har blitt bedre på å oppdage blodforgiftning hos pasienter som kommer til sykehuset, forteller Hans Flaatten.FOTO: KATHERINE FErGUSON

– Lett å oversjå

I desember 2017 friskmelde fylkeslegen Mottaksklinikken ved Haukeland.

Flaatten fortel at dei har sett i gang ei rekke tiltak for å sikre at pasientar med mogleg sepsis blir oppdaga og starta antibiotikabehandling innan 60 minuttar. Det betrer sjansen for overlevelse.

– Sepsis er lett å oversjå. Pasientane lagar ikkje masse lyd, det er ikkje blod og synlege skader. Det er mange ulike årsakar til sepsis, og symptoma varierer. Det kan likne alt frå omgangssjuke til influensa eller urolegheit, forklarer han.

Tre kriterier

Ved Mottaksklinikken blir pasientar no sjekka ved hjelp av et scoringsverktøy kalt qSOFA.

– Det det tre kriterie som blir brukt for å avgjere om pasienten kan ha sepsis:

  • Blodtrykk under 100.
  • Respirasjonsfrekvens over 22 andedrag i minuttet.
  • Nyoppstått endring i mental status.

Dersom to av tre kriterie er til stades, blir pasienten utreia for sepsis.

– Heile staben ved Mottaksklinikken er no drilla i dette, seier Flaatten.

Det er også oppretta eit team av intensivmedisinar, infeksjonsmedisinar og overlege frå akutten.

– Dersom ein pasient er i septisk sjokk, trykker vi på knappen og teamet blir tilkalla.

Saka held fram under faktaboksen.

BLODFORGIFTNING (SEPSIS)

 

  • Sepsis (blodforgiftning) er ei livstrugande tilstand, som oppstår når kroppen sin reaksjon på ein infeksjon skadar eige vev og organ.
  • Det kan oppstå svikt i eitt eller fleire organ og utvikle seg til septisk sjokk, bli livstrugande og ved forsinka eller mangelfull behandling ha dødeleg utfall.
  • Forsinka oppstart av behandling ved sepsis auker dødelegheit.
  • Eldre over 75 år er mest utsette for sepsis, med ein forekomst på 1500 per 100.000. Hos dei under 50 år er forekomsten under 50 per 100.000.
  • Dødelegheita ligg i snitt på 20 prosent, men er høgare blant dei over 80 år (30-40 prosent).

Kjelde: Helsedirektoratet og overlege og professor Hans Flaatten, Intensivmedisinsk seksjon på Haukeland sjukehus

Pasient døde av sepsis

Flaatten understrekar at det framleis er forbetringspotensial når det kjem til oppdaging og tidleg behandling av sepsis.

– Det vi er dårlege på er tilfella av sepsis som oppstår blant pasienter som er innlagde på sjukehus.

I løpet av dei siste månadane døde ein pasient på Haukeland av sepsis. Det var ikkje blitt oppdaga. Fylkesmannen har oppretta tilsynssak, seier Flaatten.

– Det høyres kanskje rart ut at det er risiko for å døy av sepsis mens ein er innlagt, men fordi pasientane allereie er sjuke kan det vere vanskelegare å oppdage når det oppstår sepsis.

No skal Haukeland innføre qSOFA-målinger også ved dei andre avdelingane.

– Det er eit ledd i Helsedirektoratet si pasientsikkerhetskampanje «I trygge hender», fortel overlegen.

Artikkeltags