Helse Førde-direktør Arve Varden tener meir enn statsministeren

TENER GODT: Nytilsett sjukehusdirektør Arve Varden har ei årslønn på 1.65 millionar kroner. Dette er langt frå den høgste løna blant helsetoppane i landet.

TENER GODT: Nytilsett sjukehusdirektør Arve Varden har ei årslønn på 1.65 millionar kroner. Dette er langt frå den høgste løna blant helsetoppane i landet. Foto:

ARBEIDSLIV: 22 av 28 administrerande helsedirektørar hadde høgre lønn enn statsminister Erna Solberg.

DEL

Det går fram i VGs nye spesial «Helsetoppenes millionavtaler».

Avisa har sett på lønn og arbeidsavtalar for alle helsetoppane i landet i året 2017.

Alle dei 28 helsesjefane landet rundt unntatt éin tener meir enn helseminister Bent Høie si løn på 1.3 millionar kroner.

22 av toppsjefane tener meir enn statsminister Erna Solberg (1.63 millionar kroner).

Helse Vest-sjef tener best i landet

I Helse Vest er det seks toppsjefar. Herlof Nilssen er administrerande direktør for Helse Vest, og toppar landslista med ei løn på 2.3 millionar kroner i året.

Den nytilsette Helse Førde-direktøren Arve Varden, og hans forgjengar Jon Bolstad, ligg i det lågare lønssjiktet hos helsetoppane. Likevel hamnar Varden (1.65 millionar) og Bolstad (1.542 millionar) over løna til helseminister Høie.

Jon Bolstad var direktør i Helse Førde, men gjekk av i mai 2017. Etter dette har han vore administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.

Full etterlønn i 12 månadar

I VG si kartlegging skriv avisa om både millionar i etterløn, dyre firmabilar og internett til hytta som lukrative arbeidsavtalar blant helsetoppane.

Varden og Bolstad sine arbeidsavtalar er meir nøkterne, med fri mobil, dekning av breiband, nødvendig IKT-utstyr og utstyr til heimekontor inkludert. Bolstad har også fem dagar ekstra ferie. Begge får full lønn i 12 månadar som etterlønn.

Les også:

Konstituert Helse Førde-direktør Børge Tvedt fekk ros, men ikkje lønsauke

Jon Bolstad: – Slutta ikkje på grunn av bråket

Artikkeltags