Fekk kvalitetsprisen i Helse Vest

FEKK PRIS: Vinnaren saman med prisutdelar Pål Iden og adm. direktør Jon Bolstad i Helse Førde.

FEKK PRIS: Vinnaren saman med prisutdelar Pål Iden og adm. direktør Jon Bolstad i Helse Førde. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: – Å få denne prisen er ei stor anerkjenning for meg og for miljøet som prøver å få til ei endring i praksis, seier Christian Moltu.

DEL

Det kjem fram frå ei pressemelding frå Helse Førde.

Han er fagsjef ved psykiatrisk klinikk i Helse Førde. Prisen fekk han for arbeidet med å utvikle og innføre The Norwegian Respons System for Evaluation (NORSE) i psykisk helsevern i Helse Førde.

Fekk 100.000 kroner på kjøpet

NORSE er eit elektronisk sjølvrapporteringssystem der pasientar melder frå om korleis dei opplever behandlinga dei får i psykisk helsevern. Så langt nyttar 600 pasientar dette verktøyet.

Prisen er på 100.000 kroner, og blir delt ut til fagmiljø eller personar i Helse Vest som gjennom forsking/arbeid har forbetra kvaliteten på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta.

Desse pengane skal gå til vidareføring av prosjektet.

Samstemd komité

Sjølv om tenesta hans NORSE er laga for psykisk helsevern for vaksne, vil den ha overføringsverdi til andre tenester som somatikk, spesialisthelse, primærhelse og i samhandling mellom ulike tenestenivå,

Systemet skal no mellom anna nyttast for rehabilitering etter fedmekirurgi på fedmepoliklinikken på sjukehuset i Førde.

Komitéen som bestemmer vinnaren var samstemde om Moltu. Dei meinte at arbeidet er godt gjennomført og er sterkt på brukarmedverknad.

Artikkeltags