Helse Førde oppdaga ikkje livstrugande MRSA-smitte

ILLUSTRASJONSBILETE.

ILLUSTRASJONSBILETE. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein pasient med betent operasjonssår infisert av multiresistente bakteriar vart plassert på rom saman med andre pasientar.

DEL

Ein person som nyleg hadde vore operert i utlandet, vart lagt inn på sjukehus i Helse Førde grunna mistanke om alvorleg infeksjon.

Det melder Helse Førde på nettstaden sin.

På slike pasientar er det rutine å ta prøver frå nase, svelg, underliv og av eventuelle sår for å sjekke om pasienten er berar av bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika; MRSA - meticillinresistente stafylokokkar.

Oppdaga ikkje operasjonssår

Helse Førde tok prøver frå nase, svelg og underliv, men oppdaga ikkje operasjonssåret etter operasjonen i utlandet.

Sidan ingen MRSA-bakteriar var funne i prøvane, vart pasienten erklært smittefri og plassert på rom saman med andre pasientar.

Etter ei tid vart det betente operasjonssåret frå sjukehusopphaldet i utlandet oppdaga, og prøvane synte MRSA-bakteriar.

Ekstra farleg smitte

Pasienten vart difor isolert sidan motstandsdyktige bakteriar kan vere særs vanskelege å ta knekken på, noko som gjer MRSA-smitte ekstra farleg.

Sidan dei Helse Førde-tilsette ikkje oppdaga operasjonssåret, kunne både andre pasientar og Helse Førde-tilsette blitt berarar av - og eventuelt spreidd vidare - MRSA-bakteriar.

Pasienttryggingsutvalet (PTU) ser alvorleg på avviket, sidan MRSA-smitte kan vere livstrugande for utsette pasientgrupper.

PTU meiner tilsette i Helse Førde må vere ekstra nøye med å identifisere pasientar som kan vere smitta av MRSA, slik at desse pasientane kan isolerast.

Det er difor viktig at aktuelle pasientar blir spurt om og undersøkt for eventuelle sår, skriv Helse Førde avslutningsvis.

Artikkeltags