Låg på isolasjon etter rabies-smitte

ALVORLEG: – Pasienten er alvorleg sjuk og ligg på intensivavdeling, seier fagdirektør Trine Hunskår Vingnes i Helse Førde. Laurdag fekk ein person stadfesta rabies-smitte.

ALVORLEG: – Pasienten er alvorleg sjuk og ligg på intensivavdeling, seier fagdirektør Trine Hunskår Vingnes i Helse Førde. Laurdag fekk ein person stadfesta rabies-smitte. Foto:

Pasienten som har fått påvist rabies ligg på intensivavdelinga på Førde sentralsjukehus og er alvorleg sjuk, melde Helse Førde måndag ettermiddag.

DEL

– Tilstanden er at pasienten er alvorleg sjuk, seier fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes i Helse Førde.

Laurdag fekk ein person stadfesta diagnosen rabies, etter å ha blitt biten av ein hund på reise i Søraust-Asia.

– Kan du seie noko om kva behandling pasienten får?

– Vi gir ikkje meir opplysningar om behandling, dette er for å vareta pasienten sitt personvern, seier Vingsnes til Firda.

Ho opplyser at for å hindre smitte er pasienten isolert. 

– Det er eit stort informasjonsbehov både eksternt og internt. Vi informerer så godt vi kan dei tilsette, spesielt om smittefaren, seier fagdirektøren.

Ho understrekar at det aldri har blitt påvist at smitte av rabies mellom menneske.

– Det er sagt at reisefølgjet var i Søraust-Asia, kva land var dei i?

– Det er informasjon vi har valt å ikkje gå i detalj om. Vi veit heller ikkje storleiken på reisegruppa, seier Vingsnes. 

– Kan du seie noko om korleis dei pårørande har det?

– Det ønskjer vi ikkje å seie noko om, men vi har stort medkjensle med dei pårørande, seier Vingsnes. 

Fakta om rabies

Om ein blir smitta har rabies eit raskt forløp. Sjukdommen debuterer med smerter og ubehag i og rundt bitstaden, samt sjukdomskjensle. Deretter følgjer uro, depresjon og angstanfall. Hyperaktivitet, aggresjon, hyperventilasjon, auka spyttsekresjon og krampeanfall.

Gradvis aukande lamming og koma.

Sjukdommen er nesten alltid dødleg, og tek livet av 50.000-70.000 i året.

Kjelde: Folkehelseinstituttet.

Artikkeltags