Pasient skulle ut for å røyke – døydde etter at han fall utfor trapp med rullestol

DØDSFALL: Ein pasient døydde etter skadane han fekk etter at han fall utfor ei trapp på Førde sentralsjukehus.

DØDSFALL: Ein pasient døydde etter skadane han fekk etter at han fall utfor ei trapp på Førde sentralsjukehus. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: Pasienten døydde dagen etter av skadane han pådrog seg.

DEL

Dette melder NRK Sogn og Fjordane.

Både politiet og Fylkeslegen i Sogn og Fjordane er kopla inn etter ei fallulukke ved Førde sentralsjukehus førre veke.

Ein pasient skulle truleg ned til hovudinngangen og røyke då han trilla feil og gjennom ei open dør til rømmingsvegen frå etasjen. Han fall utfor trappa og døydde dagen etter av skadane. Ifølgje Dagbladet var pasienten i 60-åra og ulukka skal ha skjedd førre måndag.

Politi, fylkesmann og Statens helsetilsyn er varsla om hendinga. Dei pårørande vert følgde opp av Helse Førde.

– Det er svært beklageleg. Slikt skal ikkje skje. Ein pasient skal vere trygg når han er innlagt eller til behandling på eit sjukehus, seier Kristine Brix Longfellow, fungerande fagdirektør til NRK.

Politiet har avhøyrt åtte vitne og pleiarar etter hendinga, men skal gjere fem avhøyr til.

– Vi har teke bilde og gjort kriminalteknisk undersøking på staden og skal hente inn journalar for å få full oversikt over kva som har skjedd, seier etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags