Helse Førde har for første gong fått professorar

PROFESSORAR: Jahn Roger Andersen (t.v.) og Christian Moltu har blitt vurderte som professorkompetente.

PROFESSORAR: Jahn Roger Andersen (t.v.) og Christian Moltu har blitt vurderte som professorkompetente. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: John Roger Andersen og Christian Moltu har fått den gjævaste tittelen som utdanningsystemet har å tilby.

DEL

Begge to jobbar i Senter for helseforsking, som er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Dei er no blitt vurdert som såkalla professorkompetente, melder Helse Førde.

Dette vil seie at ein komité av anerkjende professorar har vurdert kompetansen og arbeidet deira som godt nok til å få den høgtståande tittelen. Dette er første gong Helse Førde har professorar på lønningslista.

Doktorgrad om sjukeleg overvekt

John Roger Andersen er frå Balestrand, og har gått sjukepleie ved Sogn og Fjordane sjukepleiehøgskule. Deretter tok han mastergrad i sjukepleie og seinare doktorgrad på Universitetet i Bergen om behandling av sjukeleg overvekt.

Hovudstillinga hans er ved helsefag-avdelinga til Høgskulen på Vestlandet. Han underviser på både bachelor- og masternivå, og har rettleiaransvar for lokale PhD-kandidatar.

– Det er sjølvsagt svært hyggeleg å bli vurdert som professorkompetent av ein internasjonal komité som består av anerkjende fagfellar, seier Andersen i pressemeldinga frå Helse Førde.

Både siviløkonom og profesjon i psykologi

Christian Moltu er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og har gått profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Bergen, der han også har tatt doktorgrad i «Mellommenneskelige prosesser i psykoterapi». No leier han forskingsgruppa «Psykisk helsevern og rus» ved Senter for helseforsking.

– For meg er professortittelen først og fremst eit godt verktøy for å kunne bidra til endå betre forsking, utdanning og helsetenester som også styrker det samla miljøet rundt Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde, seier Moltu i pressemeldinga.

Artikkeltags