Pasient fekk svekka syn

Illustrasjonsbilete.

Illustrasjonsbilete. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Mykje svikta då ein pasient kom til Helse Førde med ein augeinfeksjon som truga synet. 

DEL

Ei rekkje rutinebrot var medverkande til at ein pasient med alvorleg infeksjon i eit auge fekk varig synsskade.

Det melder Helse Førde på nettstaden sin.

Etter først å ha fått augesalve og augedråpar mot infeksjonen og blitt innlagt på sjukehuset, vart pasienten dagen etter - ein onsdag - overflytta til Haukeland universitetssjukehus (HUS) for vurdering.

Torsdag kom pasienten attende til Helse Førde, og fredag ordinerte ein augelege medisin i form av tablettar mot infeksjonen.

Fekk ikkje medisinen

Under legevisitten søndag vart det avdekka at pasienten ikkje hadde fått tablettane fordi sengeposten ikkje hadde slike tablettar.

Augelegen skaffa straks tablettane pasienten skulle ha, og etter nokre dagar vart pasienten utskriven til sjukeheim på heimstaden.

Men heller ikkje i overgangen frå sjukehuset til pasientes heimkommune fungerte rutinane.

Synet vart svekka

Ved utskriving frå Helse Førde fekk ikkje pasienten med seg medikamenta han skulle ha, verken tablettar, augesalve eller augedråpar.

Sidan apoteket på pasientens heimstad ikkje hadde dei rette medikamenta på lager, vart behandlinga forsinka, slik at arret på auget etter betennelsen vart større enn naudsynt.

Ifølgje Helse Førde hadde pasienten hatt infeksjonen lenge før han kom til sjukehuset, og Helse Førde meiner at det er hovudårsaka til forseinka behandling og svekka syn på det eine auget.

Gjorde ikkje nok

Pasienttryggingsutvalet (PTU) meiner at Helse Førde ikkje gjorde nok for å sikre at pasienten fekk rett medisin til rett tid.

Det er sjukepleiarar på sengepostane som har ansvar for å skaffe og administrere medikamenta. Dersom sjukepleiarane ikkje greier å skaffe det aktuelle medikamentet, skal dei snøggast råd melde frå til behandlande lege.

Samhandlingsavtalar mellom Helse Førde og kommunane skal mellom anna sikre at pasienten får rett behandling, også i overgangen mellom Helse Førde og heimkommune.

For denne pasienten svikta oppfølging av rutinar, avtalar og prosedyrar mange gonger.

Artikkeltags