Agnes Landstad held fram som styreleiar i Helse Førde, men nedover langs styrebordet er det gjort store utskiftingar. Fire av totalt sju styremedlemer som er oppnemnde av regionføretaket Helse Vest, er nye, etter endringane som no er gjort. Samstundes er talet på eigaroppnemnde styremedlemer auka med ein representant, melder helseføretaket.

Erstattar for Hamar

Ny i styret, og ny nestleiar, er Anne Sissel Faugstad, viseadministrerande direktør i Helse Bergen. Ho erstattar Atle Hamar, som nyleg vart statssekretær i samband med regjeringsutvidinga der Venstre gjekk inn i regjering.

Ny er også Ole Gunnar Krakhellen, som til dagleg er kommunalsjef i Sogndal kommune. Mange vil også hugse Krakhellen som Høgre-politikar, fylkestingsmedlem og ikkje minst frå tida då han var ordførar i Solund kommune.

Den tredje nye av dei eigaroppnemnde styremedlemene er Tor Vidar Myklebust. Han er fastlege i Naustdal.

Fjerde nye er Ivar Eriksen, eigardirektør i Helse Vest. Han erstattar Helge Bryne, som har vore regionføretakets representant i Helse Førde-styret i ei årrekkje, og som dei seinare åra var veteranen i dette styret.

Espeland og Sandal held fram

Aud Ingrid Espeland og Reidar Sandal held fram som styremedlemer. Begge desse kom inn i styret i 2017.

Styreleiar Agnes Landstad, som kom inn i styret for Helse Førde i 2014, fekk fornya tillit i leiarvervet ho i si tid overtok etter Jorunn Ringstad.