Bolstad til bekymra tillitsvalde: – Sjukehusomlegginga skal gå bra

TOPPSJEFEN: Jon Bolstad avviser at dei tilsette blir overkøyrde: – Det handlar om eit diskusjonsgrunnlag.

TOPPSJEFEN: Jon Bolstad avviser at dei tilsette blir overkøyrde: – Det handlar om eit diskusjonsgrunnlag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: – Uro blant dei tilsette er heilt normalt, når det skal gjerast endringar, seier Helse Førdes toppsjef.

DEL

– Bekymringane dei tillitsvalde går med rundt omorganiseringa av Helse Førde skal bli teken alvorleg.

Det seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, etter at hovudverneombodet og tillitsvalde frå ni ulike forbund har skrive brev til styret med sterke åtvaringar mot omlegginga og måten dei meiner ho blir gjennomført på.

– Men organisasjonen må endrast, slik at den blir tilpassa ombyggingar ved sjukehusa, den nye teknologien og behova framtidas pasientar har. Det er ikkje noko alternativ å la vere å gjere noko, seier Helse Førdes øvste leiar.

Toppsjefen: Ingen ting er bestemt

– Den prosessen det her handlar om, er ikkje ferdig, og den har ikkje svar på førehand. Den skal utvikle modellar. Vi har ikkje føreslege så mykje, det er meir snakk om prinsipp for ein utviklingsmodell. No skal vi finne ut kva meir vi skal jobbe vidare med. Det har komme ei rekke innspel, m.a. frå leiarar og frå lokalsjukehus. Alle innspela skal diskuterast og jobbast med, seier Bolstad til Firda.

– Men heile ni fagforeiningar hevdar at dei meir eller mindre blir overkøyrde, og at ting verkar førehandsbestemte?

– Påstanden stemmer ikkje, og det er enkelt å dokumentere. Vi har bak oss år med utviklingsarbeid, der dei tillitsvalde heile tida har vore med. No ligg det føre eit framlegg som diskusjonsgrunnlag, og vi må ha folk som kan leie prosjekta. Men ingen ting er bestemt, og ingen tog er gått.

Skeivt ut?

– Har ikkje dette omstillingsarbeidet komme skeivt ut, når nær sagt alt frå portørar til overlegar protesterer?

– Det ligg ei grunnleggande bekymring i brevet, og den skal bli teken på alvor. Men eg kan ikkje hugse nokon prosess, stor eller liten, utan at den same uroa har komme opp. Eg trur dei tillitsvalde og leiinga i fellesskap skal komme ut av dette på ein god måte. Vi må utvikle oss, og kan ikkje la vere å omstille og gjere endringar. Men ingen ting er hogge i stein. Eg trur mykje vil få si avklaring, og at dette vil gå bra, seier Bolstad.

Artikkeltags