Kvit ambulanse aktuell for Sunnfjord

KVIT AMBULANSE: Ein slik kvit ambulanse kan dukke opp i Sunnfjord. Denne er i bruk i Bergen, og vert brukt til planlagde transportoppdrag.

KVIT AMBULANSE: Ein slik kvit ambulanse kan dukke opp i Sunnfjord. Denne er i bruk i Bergen, og vert brukt til planlagde transportoppdrag. Foto:

Helse Førde vurderer å få på plass ein kvit ambulanse. Om dei skal investere blir bestemt om ein månad eller to.

DEL

Kvite ambulansar vert brukte til planlagde transportoppdrag, ikkje akuttoppdrag. Dei har lågare krav til personell, og vil fristille ordinære ambulansebilar til andre oppdrag eller gje auka akuttberedskap.

I Helse Førde er dette no aktuelt i samband med arbeidet rundt prehospitale tenester, som skal avgjerast i styremøte i desember eller januar.

Sunnfjord og Ytre Sogn

Dei kvite bilane blir i stor grad brukt til å transportere pasientar som er stabile og ferdigbehandla frå eitt sjukehus til eitt anna, men det er også potensial for ein del kvite transportar frå sjukehus og ut til sjukeheimar eller heim.

Helse Førde skriv i ei pressemelding at det alt i dag er grunnlag for å prøve ut ein slik kvit bil for transportoppdrag i Sunnfjord og delar av Ytre Sogn. Dei reknar også med at behovet vil stige etter kvart som talet eldre aukar, noko det vil gjere i åra framover.

Har ikkje konkludert

– Det er likevel nokre føresetnader som vi må sjå nærare på, før vi konkluderer. Mellom anna vil lengda på turar spele inn. Så langt er konklusjonen at det vil vere volum til å fylle ein kvit bil i Sunnfjord dersom kvart oppdrag tek kring to timar, seier klinikkdirektør Tom Guldhav i Helse Førde.

Han er prosjektleiar for den nye ambulanseplanen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken