Kortare ventetid i Helse Førde

Her har dei den kortaste ventetida i Helse Vest.

Her har dei den kortaste ventetida i Helse Vest. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Det siste året er den gjennomsnittlege ventetida i Helse Førde redusert med 21 dagar.

DEL

Medan ventetida ved utgangen av februar i fjor låg på 69 dagar, var den nede i 48 dagar på same tidspunkt i år, skriv Helse Førde på eigne nettsider.

Også ved utgangen av 2015, meldte Helseføretaket om stor nedgang i ventetidene.

Les også: Rekordlåg ventetid ved Helse Førde.

Talet på pasientar i ventekø er også sterkt redusert. Nett no er det 4630 pasientar som ventar på å få behandling i Helse Førde. På same tid i fjor var talet 6700. Dette gjer Helse Førde til det helseføretaket med kortast ventetid i Helse Vest, der den gjennomsnittlege ventetida no er på 62 dagar.

– Det hadde jo vore kjekt dersom Helse Førde vart det føretaket i landet med kortast ventetid, seier fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik.

Han trur at ventetida kan gå ytterlegare ned.

– Dersom tilvising av pasientar held seg stabilt på same nivå som i dag, er det realistisk å vente ein ytterlegare nedgang før det stabiliserer seg, seier Breidablik, som meiner resultata skuldast gode prosjekt i regionhelseføretaket, god lokal jobbing i organisasjonen, betre system for å fylle timebøkene og litt færre tilvisingar.

Artikkeltags