Send heim med brot i nakken

Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: Pasient fekk uforsvarleg undersøking i Helse Førde. Slik konkluderer Fylkesmannen etter tilsyn.

DEL

Ein pasient vart sendt til røntgenundersøking etter vurdering på legevakt etter eitt fall som gav truame i ansikt/hovud.

Røntgenbilda vart vurderte utan at det vart avdekka brot, og pasienten vart send heim. Då pasienten vart lagt inn fleire månader seinare, på grunn av smerter i nakken, vart det gjort ny undersøking. Den undersøkinga viste at det var brot i nakken som følge av den tidlegare skaden. Bilda frå den første undersøkinga vart granska på nytt av helsepersonell, og det viste seg at brotet var til stades allereie då.

Fylkesmannen har konkludert med at Helse-Førde ytte uforsvarlege helsetenester ved å gjere for lite omfattande undersøkingar i første runde.

Artikkeltags