Tragisk ulukke – ikkje funne at personalet handla feil

ALVORLEG: – Dette er tungt for oss alle, sa fungerande fagdirektør Kristine Brix Longfellow, etter fallulukka ved Førde sentralsjukehus i januar.

ALVORLEG: – Dette er tungt for oss alle, sa fungerande fagdirektør Kristine Brix Longfellow, etter fallulukka ved Førde sentralsjukehus i januar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE: Hendinga der ein sjukehuspasient trilla ned ei trapp med rullestol skjedde ikkje på grunn av feil frå personalets side.

DEL

Dette viser hendingsanalysen som er gjort etter den tragiske ulukka ved Førde sentralsjukehus i januar. Ulukka skjedde då ein pasient med rullestol trilla gjennom ei open dør til ein rømmingsveg, truleg for å ta seg ned til hovudinngangen for å røyke. Mannen i 60-åra trilla utfor trappa, og døydde seinare av skadane.

Hendingsanalysen som er laga av ei arbeidsgruppe Helse Førde sette ned i etterkant, konstaterer at det ikkje er funne at personalet har gjort feil som førte til ulukka, seier fungerande fagdirektør Kristine Brix Longfellow.

– Det er funne forbetringsområde. Men dette handlar om praktiske og tekniske ting som ikkje har med personalet og pasientbehandlinga å gjere, seier Longfellow til Firda.

Vil ikkje vere konkret

Fagdirektøren ønskjer førebels ikkje å gå nærare inn på det konkrete innhaldet i hendingsanalysen arbeidsgruppa har levert.

– Eg har nett motteke denne analysen, og har ikkje fått høve til å gå grundig inn i den. Dette er også ei sak som politiet og Fylkeslegen er inne i, seier Kristine Brix Longfellow.

Pasienten som døydde etter den tragiske ulukka i januar, var innlagt hos ein sengepost ved Førde sentralsjukehus. Mannen sat i rullestol, og hadde fridom til å bevege seg fritt på sjukehuset. Kvelden då ulukka hende, såg personalet at han var på rommet sitt, etter å ha ete kveldsmat. Eit kvarter seinare høyrde tilsette bråk, og fann mannen i ei branntrapp.

– Det var ingen ting som tilsa at han trong kontinuerleg tilsyn, sa Kristine Brix Longfellow til Firda 31. januar. Ho fortalde samstundes at den tragiske ulukka hadde vore tung for folk på sjukehuset, og at leiinga prøvde å følgje opp tilsette og pårørande i etterkant av hendinga.

– Vi skal sjølvsagt bruke saka til å gjennomgå alle våre rutinar, så dette ikkje skjer igjen, sa den fungerande fagdirektøren.

Tretten politiavhøyr

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane er politiet no ferdige med si etterforsking av saka, etter å ha gjennomført tretten avhøyr og henta inn mykje informasjon. Etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal ved Vest politidistrikt opplyser at saka send den over til jurist, som kjem til å sende saka vidare til Fylkeslegen og Helsetilsynet, slik at dei kan kome med ein uttale i saka og eventuelt be om påtale.

Fylkeslege Per Stensland seier til NRK Sogn og Fjordane at dei håpar å klare si sakshandsaming innanfor den vanlege fristen på fem månader. Men fylkeslegen strekar samstundes under at dette er ei svært krevjande sak å jobbe med.

Artikkeltags