Pasient døydde – Fylkesmannen meiner Helse Førde handla uforsvarleg

FÅR REFS: Førde sentralsjukehus.

FÅR REFS: Førde sentralsjukehus. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE: Førde sentralsjukehus gav ikkje forsvarleg helsehjelp til pasienten som trilla utfor ei trapp og døydde av skadane han fekk.

DEL

Dette er konklusjonen Fylkesmannen har kome fram til, etter å ha granska den tragiske hendinga som skjedde i januar.

Pasienten brukte rullestol, og hadde truleg tenkt seg ned til hovudinngangen for å røyke då han trilla feil og gjennom ei open dør til rømmingsvegen frå etasjen.

Der fall han utfor trappa. Mannen i sekstiåra døydde dagen etter av skadane.

Hadde auka risiko for fall

– Pasienten var kartlagt, og hadde auka risiko for fall. Sjølv om pasienten fekk fallførebyggande tiltak meiner vi at desse ikkje møtte den faktiske tilstanden hans, skriv konstituert fylkeslege i Sogn og Fjordane, Jacob Andersen, på Fylkesmannens nettside.

Fylkesmannen har ikkje vurdert tilhøva rundt sjølve ulykka, men helsehjelpa pasienten fekk fram til ulykka skjedde, skriv den konstituerte fylkeslegen.

I etterkant av hendinga har Helse Førde laga ei analyse for å finne moglege årsaker til ulykka. Ut frå denne skal det lagast ein plan for vidare oppfølging.

Kunne bevege seg fritt

Pasienten som døydde i fallulykka sat i rullestol og hadde fridom til å bevege seg fritt på sjukehuset. Sjukehuset hadde vurdert det som best at han sat i rullestol, framfor å bruke rullator eller såkalla preikestol.

Hendingsanalysen Helse Førde laga, konkluderte med at ulykka ikkje skjedde som følge av feil frå helsepersonellets side. Fungerande fagdirektør Kristine Brix Longfellow sa 15. mars at det var funne forbetringsområde, men at dette handla om praktiske og tekniske ting som ikkje hadde med personalet og pasientbehandlinga å gjere.

Fylkesmannen slår no fast at helsehjelpa ikkje var forsvarleg.

Artikkeltags