Førde-overlegen Torgeir heidra for jobben han gjer

VINNAREN: Årets prisvinnar av kvalitetsprisen til Helse Førde i sentrum med Arve Varden og Anne Kristin Kleiven på kvar side. Prisen er på 80 000 kroner og skal nyttast til vidare kvalitets- og forbetringsarbeid i medisinsk avdeling. Vinnaren får også eit kunstverk av kunstnaren Jertrud Eikås.

VINNAREN: Årets prisvinnar av kvalitetsprisen til Helse Førde i sentrum med Arve Varden og Anne Kristin Kleiven på kvar side. Prisen er på 80 000 kroner og skal nyttast til vidare kvalitets- og forbetringsarbeid i medisinsk avdeling. Vinnaren får også eit kunstverk av kunstnaren Jertrud Eikås. Foto:

Overlege Torgeir Finjord vann kvalitetsprisen til Helse Førde.

DEL

– Eg driv på med deg eg gjer fordi eg synest det er kjekt. Eg opplever det som meir meiningsfullt å vere lege i dag enn då eg kom ut nyutdanna. Den gongen var doktoren i fokus, no er det pasienten, seier han.

– Ante verkeleg ingenting

Prisen blei grunngitt med Finjords systematiske forbetringsarbeid. Han har vore ein sentral figur innan undervising på fredagsmøte, deltaking i prosjektgrupper og i arbeidet med å innføre ei rekke tiltak, står det i pressemeldinga frå Helse Førde.

Desse tinga har han gjort opp i ein hektisk kvardag og for å betre pasienttryggleiken, skriv dei.

Finjord tok medisinutdanninga på universitetet i Oslo, og fullførte i 1998. Etter turnustenesta jobba han eitt år som kommunelege i Jølster, før han begynte på sjukehuset i Førde.

Han har tatt spesialistutdanning i Førde og Bergen, og er no spesialist i indremedisin og fordøyingssjukdomar.

– Dette var veldig kjekt. Eg kjenner meg audmjuk. Eg ante verkeleg ingenting, seier Finjord i pressemeldinga.

Han blei visstnok litt stressa då namnet hans blei ropt opp som vinnar under den årlege kvalitetskonferansen i Helse Førde.

Får ikkje prispengane på eigen konto

Helse Førde-toppsjef Arve Varden er nøgd med Finjord.

– Han har særs stor arbeidskapasitet og har høg arbeidsmoral. Pasientar, pårørande og kollegaer frå grundig og god oppfølging. Torgeir er ein særs dyktig overlege som Helse Førde er stolt av å ha tilsett, sa Varden då han delte ut prisen.

Og prisen er på 80.000 kroner, men pengane kan ikkje Finjord bruke på godteri eller bil. Det skal nyttast til vidare kvalitets- og forbetringsarbeid på medisinsk avdeling.

Finjord fekk også eit kunstverk av kunstnaren Jertrud Eikås.

Artikkeltags