Florø vil gjerne ha Kling på laget

FLORØ NESTE? Robert Kling ser ut til å bli Florø-spelar kommande sesong.

FLORØ NESTE? Robert Kling ser ut til å bli Florø-spelar kommande sesong. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FOTBALL: Robert Kling kan bli Florø-spelar. Visst han vil.

DEL

Den 20 år gamle midtbanespelaren frå Kopervik har vore på klubbjakt sidan han takka nei til ny kontrakt med FKH i fjor sommar.

No kan jakta vere over, skriv Haugesund Avis.

– Vi har komme med eit tilbod til Robert på ein 2-årig avtale. Men rådgjevaren hans har vore på reise den siste veka, så vi har ikkje komme skikkeleg i gong med forhandlingane, seier Florø-trenar Terje Rognsø til Haugesunds Avis.

Kling aktuell for Florø 

Kling har trent med 1. divisjonsklubben frå Sogn og Fjordane dei to siste vekene og har spelt to treningskampar for klubben. Han spelte 2. omgang då Florø tapte 1–3 mot Strømmen laurdag.

– Robert har gjort eit godt inntrykk. Vi har brukt han både som indreløpar og anker på midtbana, seier Rognsø.

FKH har rett på utdanningskompensasjon for Kling.

Ifølge sportssjef Jostein Grindhaug i FKH er klubbane einige om størleiken på kompensasjonen.

– Eg har også forstått det slik. No står det igjen å sjå om vi blir einige om dei personlege betingelsane med Robert. Han har gitt uttrykk for at han ønsker å spele for Florø, seier Terje Rognsø.

Artikkeltags