Nordmenn handla på nett for 128 milliardar i 2018

Av

I 2018 handla nordmenn for 60 milliardar kroner i utanlandske nettbutikkar og 68 milliardar i norske.

DEL

Det kjem fram i Statistisk sentralbyrås ferske rapport « På nett med betalingskort over landegrensene ».

Av beløpet på 60 milliardar kroner som vart brukt i utanlandske nettbutikkar, vart 23 milliardar kroner brukte på varer og 37 milliardar kroner på tenester. Det er nesten fem gonger så mykje som i 2010.

SSB har laga rapporten på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet og Finansdepartementet.

– Handelsnæringa møter auka konkurranse frå utanlandske nettbutikkar. Denne statistikken gir oss ei betre oversikt over utviklinga i netthandel til og frå Noreg, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Ved årsskiftet vart 350-kronersgrensa for import av mat- og drikkevarer fjerna. Frå 1. april er planen å fjerne 350-kronersgrensa for alle andre varer, som klede, sko og elektronikk, slik at ein då må betale moms frå første krone.

Artikkeltags