Vi handla mest på nett under Black Week

HANDEL: Slik såg det ut på kjøpesenteret Alti klokka i 07-tida fredag morgon.

HANDEL: Slik såg det ut på kjøpesenteret Alti klokka i 07-tida fredag morgon. Foto:

– Det er ikkje noko overrasking, seier marknadsdirektør i Klarna Norge. Og Førde-folk tronar øvst av kommunane i fylket.

DEL

Bømlo og Sogn og Fjordane tronar øvst på handletoppen i Norge førre veke. Det viser heilt ferske omsetningstal frå Klarna over alle norske fylke og dei 100 mest folkerike kommunane i landet.

- Sogn og Fjordane er blant dei som er ivrigast på netthandel elles i året, så at dei handlar mykje i løpet av Black Week er ikkje noko overrasking. At innbyggarane i Bømlo har netthandla så mykje den siste veka er imidlertid litt meir overraskande. I første halvår i år handla dei omtrent som gjennomsnittsnordmannen ifølge siste netthandelsrapport, seier markedsdirektør i Klarna Norge, Thomas Elvestad i ei pressemelding.

Omsetnadsstatistikken til Klarna kjem frå dei meir enn 5000 norske nettbutikkane som nyttar betalingsløysingane deira.

Samla sett har netthandelen frå måndag til og med laurdag i årets klart mest hektiske handleveke auka med heile 23 prosent samanlikna med Black Week i fjor.

- I forkant av Black Week i år oppgav halvparten i ei undersøking vi gjorde at miljøomsyn ville påverke handlinga deira inn mot jul. Den fortsatte veksten kan tyde på at desse sannsynlegvis har kjøpt færre og dyrare produkt eller meir miljøvennlege varer med lengre varigheit. Har desse gjort som dei sa dei skulle gjere, betyr det at dei ikkje har brukt mindre i kroner og øre, men gjort meir bærekraftige val, seier Elvestad.

Kommunetoppen Black Week

Kommune

Fylke

Shoppingindeks (per innbyggar) **

Vekst Black Week, 2018-19

Bømlo

Hordaland

137

26 %

Alta

Finnmark

131

19 %

Kvinnherad

Hordaland

131

22 %

Førde

Sogn og Fjordane

123

13 %

Kongsberg

Buskerud

118

21 %

Oppegård

Akershus

116

23 %

Stord

Hordaland

116

12 %

Voss

Hordaland

116

39 %

Holmestrand

Vestfold

116

34 %

Sørum

Akershus

114

16 %

Askøy

Hordaland

113

23 %

Narvik

Nordland

113

1 %

Lenvik

Troms

113

10 %

Røyken

Buskerud

112

25 %

Lindås

Hordaland

112

24 %

Frogn

Akershus

111

29 %

Nannestad

Akershus

111

3 %

Malvik

Trøndelag

111

12 %

Rælingen

Akershus

109

30 %

Nesodden

Akershus

107

25 %

* Målt etter tal innbyggarar i kommunen.

Fylkestoppen Black Week

Fylke

Shoppingindeks (per innbyggar)*

Vekst Black Week 2018-19

Sogn og Fjordane

114

8 %

Møre og Romsdal

111

17 %

Hordaland

104

20 %

Akershus

100

17 %

Trøndelag

99

15 %

Finnmark

96

5 %

Vestfold

96

16 %

Buskerud

95

18 %

Nordland

93

7 %

Oslo

92

23 %

Oppland

91

10 %

Rogaland

90

9 %

Telemark

86

18 %

Troms

85

9 %

Hedmark

84

14 %

Vest-Agder

83

15 %

Aust-Agder

79

13 %

Østfold

76

16 %

*Indeks 100 representerer den gjennomsnittlege nordmann si handling i Black Week (fom. måndag 25. nov tom. laurdag 30. nov). Eit høgare eller lågare tal viser om innbyggarane i gjennomsnitt handla meir eller mindre per person i løpet av Black Week enn landsgjennomsnittet. Indeksen er justert i forhold til folkemengde.

Artikkeltags