REMA 1000 kallar tilbake Stange Provence-saus

TILBAKEKALLAR SAUS: Rema 100 sel Stange Provence-saus over heile landet. Feil på merkinga gjer at dei no tilbakekallar den.
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

TILBAKEKALLAR SAUS: Rema 100 sel Stange Provence-saus over heile landet. Feil på merkinga gjer at dei no tilbakekallar den. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix Foto:

Av
DEL

REMA 1000 trekker tilbake Stange Kremet Provence-saus fordi mjølk ikkje står med utheva skrift i ingredienslista.

– Personar med mjølkeallergi eller intoleranse burde ikkje ete produktet. Det medfører ingen helserisiko for dei som toler mjølk, skriv Rema 1000 i ei pressemelding.

Tilbaketrekkinga gjeld alle batchar og datoar av Kremet Provence-saus frå merket Stange. Produktet er selt i alle REMA 1000-butikkar over heile landet.

Kundar som har kjøpt produktet, kan ta kontakt med butikken sin og vil få pengane tilbake.

(©NPK)

Artikkeltags