Kiwi startar ny priskrig: Kuttar prisen på 178 billegvarer

NYE KUTT: Prisane blir kutta med opp til 50 prosent på ei rekke First Price-produkt. Her Kristine Aakvaag Arvin, kommunikasjonssjef i Kiwi.

NYE KUTT: Prisane blir kutta med opp til 50 prosent på ei rekke First Price-produkt. Her Kristine Aakvaag Arvin, kommunikasjonssjef i Kiwi. Foto:

Av

Prisane blir opptil halvert på First Price-produkt. – Ikkje overraskande, er meldinga frå konkurrenten Extra.

DEL

(Nettavisen) Kiwi yppar til ny priskrig i daglegvaremarknaden og kuttar prisane på heile 178 produkt i Norgesgruppas lavprismerkevare First Price. Det vil seie varer som allereie er lågt prisa.

– Dette er nye låge prisar, det er ikkje tilbod. Vi gjer dei billegaste varene endå billegare, seier kommunikasjonssjef Kristine Aakvaag Arvin i Kiwi til Nettavisen.

Billegare

Det store kuttet er ikkje eit tilbod, men varige reduksjonar i pris på desse varene, som inkluderer alt frå bacon og pizza til appelsinjuice, potetgull og deodorant. Den totale oversikta ser du lengre nede i saka. Nokre av priskutta er på opp til 50 prosent, sjølv om andre igjen er langt meir beskjedne. Det store omfanget er likevel nok til å gjere det til eit av dei mest omfattande kjeda har gjort.

Kiwi har dei seinare åra kutta prisane på pizza- og taco-produkt, nøkkelholprodukt, sukkerfri brus og mineralvatn og hygieneprodukt i tilsvarande store kutt.

I dei aller fleste tidlegare tilfella har òg konkurrentane Rema 1000 og Extra følgt etter. Desse sel rett nok ikkje First Price-produkt, men har ein del tilsvarande billegprisprodukt, som Coop-kjeda sin Xtra-serie.

Kan bli endra

– Kiwi skal ha så faste prisar som mogleg. First Price er eit merke kundane set høgt og vi liker å kutte prisane på varer folk vil ha, seier Arvin til Nettavisen.

– Dette er altså nye, faste prisar. Du kan love at desse varene ikkje går opp i pris igjen om eit halvt år?

– Dette er nye, låge Kiwi-prisar som skal vare, men det kan komme til dømes valuta- eller råvareendringar. Dette er likevel nye faste prisar.

– Så dei kan bli endra igjen?

– Er det store endringar i eksempelvis råvareprisar eller valuta, så kan det påverke prisane, men det gjeld alle varer, ikkje berre desse. Vara ville i så fall vorte endå dyrare viss vi ikkje hadde gjort desse kutta, seier Arvin.

– De endrar prisane heile tida. Kva gjer dette annleis?

– Det er vi tar eit så stort jafs, slik vi har gjort på nøkkelholsvarer, taco og pizza og slike ting. No gjer vi dei billegaste varene endå billegare. Vi trur det kjem veldig mange til gode, som studentar og andre som vil ha maten billeg, seier Arvin.

Her er varene

Den siste tida har det vore mange priskutt på populære frukost- og matpakkevarer som Kokt Skinke og Rugsprø knekkebrød i samband med skulestart.

Arvin seier at det alltid er tøff konkurranse i daglegvaremarknaden på denne tida av året.

– Tiden rundt skulestart er ein viktig periode for kjedene. Då kjem ein tilbake til kvardagen igjen og får nye rutinar. Då er det viktig for oss å både behalde dei faste kundane våre og å tiltrekke oss nye, seier ho.

Coop følger etter

Harald Kristiansen, kommunikasjonssjef i Coop, kjeden som eig Kiwis låvpriskonkurrent Extra, seier han ikke overrasket over priskuttet.

- Eg er ikkje overraska over at dei gjer nokre priskutt og at dei kjem på billige produkt etter at Extra har tatt så store marknadsdelar i det segmentet. Kiwi var tvungne til å ta grep, seier Kristiansen.

Han seier at enkelte Xtra-varer, som er Coop sitt svar på First Price, har hatt 40 prosent vekst hos Extra.

- Vi har køyrt kampanjar på Xtra-serien vår dei seinare månadane og har vakse kraftig der, på bekostning i Kiwi, så dei måtte gjere noko. Extra er den kjeden som veks mest i Norge, seier han til Nettavisen.

Han understrekar at Extra vil følge opp med tilsvarande priskutt på dei varene som kan samanliknast.

- Vi følger selvfølgelig etter på pris, der produkta er tilsvarande. Vi skal vere konkurransedyktige på pris også på dei billiegaste produkta, seier han.

Han seier at kjedane tidlegare har fått kritikk for å «gøyme» lavprisprodukta.

- Men vi har tatt kritikken og kundane på alvor og løfta fram våre produkt og synleggjort dei i butikkane. Det har gitt Extra ein rekordvekst som Kiwi ikkje kunne sjå på lenger, seier han.

Artikkeltags