I fjor heldt vinnaren på å miste heile premien fordi han kom nokre sekund for seint. I år tok Lars Erik (11) ingen sjansar

I 21 år på rad har handelsstanden i Førde delt ut ein tilhengar full av gåver og gåvekort til ein heldig vinnar. Årets vinnar vart 11 år gamle Lars Erik Kirkebø, som var på pletten få straksar etter at namnet hans vart trekt.