Kjerstin Boge Solås skadd under kamp - måtte ut på båre

Av

Spelte treningskamp mot Danmark laurdag kveld då det gjekk gale for Dale-kvinna.

DEL

– Ho fekk ein smell i kneet. Vi veit førebels ikkje kva det er. Ho blir vidare greia ut i løpet av neste veke, seier landslagsfysioterapeut Nina A. Markussen til Aftenposten.

Du kan sjå video av det som skjedde over.

Skaden skjedde like før slutt og er veldig dårleg nytt for Boge Solås som nyleg melde overgang frå Tertnes til den ungarske storklubben Siofok.

Det er ikkje første gong 21-åringen har hatt kneproblem. Sommaren 2017 rauk ho korsbandet, noko som heldt ho ute av spel fram til hausten året etter.

Solås blei europameister med Norge i 2016. Ho var då 18 år gammal.

Laurdagens treningskamp på Nærbø enda med norsk 24-28-tap mot Danmark. Danskane leda 11–10 til pause.

Landslaget har vore samla i Thorir Hergeirssons nærområde den siste veka. Skader har ført til at Katrine Lunde, Henny Reistad, Veronica Kristiansen, Helene Fauske og Amanda Kurtovic gjekk glipp av samlinga.

Samtidig fekk Stine Bredal Oftedal innvilga fri, mens Nora Mørk blei nekta deltaking av klubblaget Bucuresti.

Artikkeltags