Slik lagar du snigledrepargraut

SNIGLEDREPARGRAUT: Havregraut blanda med Nemaslug har vist seg å vere ein effektiv og relativt reinsleg måte å bli kvitt brunsniglane på.

SNIGLEDREPARGRAUT: Havregraut blanda med Nemaslug har vist seg å vere ein effektiv og relativt reinsleg måte å bli kvitt brunsniglane på. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

HAGE: – Drep meg, herre – men ikkje med graut! Det sa Tormod Kolbrunarskald då han fekk banesår i slaget ved Stiklestad. No er det brunsnigelen som skal drepast – med graut.

DEL

Havregraut blanda med Nemaslug har vore brukt med suksess fleire stadar i landet. Denne veka har folk i Dale gått til felles front mot brunsniglane, og våpenet deira har vore nettopp graut. Oppskrifta har dei fått frå Flora, der dei hadde ein liknande aksjon førre helg. Sniglane et seg mette på grauten og går så av stad og døyr av parasitten som er i Nemaslug.

Tidlegare var den tilrådde framgangsmåten å klippe sniglar i to og dyppe dei i ei blanding med Nemaslug. Den nye framgangsmåten er langt mindre grisete og tilsynelatande svært effektiv:

Giftgraut til to dekar

Nina Beate Nyttingnes i Flora hagelag deler her si beste oppskrift på snigledrepargraut:

– Ei teskei Nemaslug

– Ein liter alkoholfritt øl, aller helst vørterøl

– Gammalt brød

– Havregryn

– Spe ut med brød og gryn til det liknar ein graut eller ei brøddeig. Deretter lagar du små ballar som du gøymer rundt omkring i hagen på skuggefulle og fuktige stadar. Pass på at ikkje fuglane ser dei. Denne oppskrifta er nok til 2–3 mål med hage, seier Nyttingnes.

Førre helg fekk alle innbyggarane i Flora gratis Nemaslug til bruk i oppskrifta.

– Eg ser allereie masse små, daude sniglar etter aksjonen på laurdag. Vi klarer nok aldri å utrydde dei, men dette hjelper godt, seier Nyttingnes.

Les også:

Moskusendene tømmer hagen for brunsniglar

Ser du ein slik? Bli kvitt den fort!

– Denne kan jo etast

Funn av farleg bakterie i brunsnigelen

Sniglane som tek over

Brunsnigel-invasjon i Førde

Fuktig vår har gitt snigleinvasjon

Artikkeltags