Blir styreleiar for hjartebarnet

Arve Helle er vald som ny styreleiar i Lutelandet Utvikling

Arve Helle er vald som ny styreleiar i Lutelandet Utvikling Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Tysdag vart det klart at Arve Helle er den nye styreleiaren i Lutelandet Utvikling AS.

DEL

Helle har vore med i prosjektet om Lutelandet Utvikling AS frå starten, og har vore nestleiar i styret i elleve år. No gler seg han seg til å ta over leiarvervet etter avtroppande styreleiar Jan Balstad.

Hjartebarn

– Dette prosjektet på Lutelandet har vore eit av mine verkeleg store hjartebarn i mine 12 år som ordførar i Fjaler, seier Arve Helle, som ikkje var i tvil då Jan Balstad valde å trekke seg frå styreleiarvervet.

– Motivasjonen var der for å vere med vidare. Då var det naturleg å takke ja til spørsmålet om å vere styreleiar. Det er eit privilegium å få vere styreleiar for hjartebarnet, seier Helle, og legg til:

– Men det forpliktar også. Dette er eit stort og tungt prosjekt, der mykje gjort. Samtidig er det mange areal er igjen, og desse leigeavtalene skal følgjast opp. Det er mykje arbeid å ta tak i.

      Les også: Lutelandet signerer atale med Saga Fjordbase

Nytt styre

Helle fortel at han vil byggje vidare på det gode arbeidet som avtroppande styreleiar Jan Balstad og dagleg leiar Stein-Arne Ottesen har stått for.

– Det blir ein kombinasjon av å både drive utviklingsarbeid og å vareta rolla ein har som utleigar til Lutelandet Offshore og Veolia, seier Arve Helle som også får med seg eit nytt styre.

I det nye styret er også: Audun Erik Sunde, Karen Marie Hjelmeseter frå fylkeskommunen, Julie Vårdal Heggøy frå Fjaler og Bjørn Klausen frå Askvoll.

      Les også: Slik blir det enorme industriområdet

Artikkeltags