Når liten SiS ikkje vil ha med Askvoll blir det bråk på internett

Artikkelen er over 4 år gammel

– Vi har diskutert kommunereform dødsseriøst i to år. Det er på tide med litt humor, seier Erlend Herstad.

DEL

Onsdag blei det klart at Askvoll legg HAFS-alternativet dødt, og ber om ei avklaring på om dei kan få bli med i liten SiS. Dermed sparka Erlend Herstad (28), frå Naustdal Senterparti, i gang ein meme-debatt på Facebook, der kjente sitat er byta ut med mindre kjente reformvitsar.

Sjå bildet til venstre.

– Eg tenker vi skal konsentrere oss om liten SiS og ikkje ta med andre så langt i prosessen. Det har med intensjonsavtalen å gjere. Det er den eg ser føre meg at vi går vidare med. Det er ikkje grunnlag for at det skal vere med andre kommunar, seier Herstad.

Like etter Herstad posta The Shining-bildet med Askvoll som vil vere med i liten SiS, kom tilsvaret frå Tore Storehaug (24) i KrF som kjem frå Flokenes i Askvoll:

– Eg er jo frå den einaste av nabokommunane rundt Førde som ikkje blir invitert med til ei samanslåing med Førde som kommunesenter. Det syns eg er ei lite raus haldning av motstandarane, seier Storehaug.

Dessutan posta han denne i tråden:

Herstad i Sp meiner liten SiS er ein god konstellasjon som ikkje «treng vere større».

– Vi treng ikkje ta med Askvoll. Og tar ein med Askvoll, så er det i realiteten eit spørsmål om å ta med Hyllestad og Fjaler også. Det er ei dominorekke som begynner med Askvoll og så kjem resten, seier Herstad.

Storehaug set ord på det:

Og slik seier Herstad det:

Herstad meiner avstandane blir for store i ein kommune som inkluderer HAFS.

– Som kommunereformskeptikar sjølv, så trur eg at liten SiS har ein geografi som gjer den føremålstenleg. Det blir lange avstandar mellom Vevring i Naustdal og Skei i Jølster. Det vil auke viss HAFS blir med. Dess større kommune, dess større utkantar, meiner Herstad.

Dessutan har dei ikkje vore med i alternativa til folkeavstemminga, peikar han på. Han forklarer det slik:

Herstad understrekar at tidsperspektivet er sentralt.

– Hadde vi hatt fleire år, så kunne ein hatt fleire diskusjonar om andre konstellasjonar, men no er vi pressa på tid.

Storehaug på si side meiner Askvoll er ein nabo Førde ofte gløymer. Difor laga han denne:

– Når det blir snakka om ein felles bu- og arbeidsregion, om kommunane som pendlar til Førde, så gløymer ein Askvoll. For ein gut som er oppvaksen ytre Førdefjorden, så er det naturleg å sjå den vegen. Det er lite raust å hisse seg opp over at nokon andre skal få vere med på eit samarbeid, meiner Storehaug.

– Det verkar som ein del er for samanslåing, så lenge dei kan halde Askvoll ute, seier Storehaug.

Herstad sette ord på akkurat det slik:

Medan Storehaug svara med:

Storehaug meiner det var rett å legge HAFS-alternativet dødt etter resultatet av folkeavstemminga.

– Eg skal leve godt med at Askvoll står åleine, men eg vil gjerne ha ei anna haldning for å finne ut korleis ein samarbeide i ein Sunnfjordregion. Eg håpar naustedølane ser seg tent med at større deler av Førdefjorden blir representerte i Førde-kommunen. Vi har mange historiske og noverande band, så det overraska meg litt at dette utspelet kom frå ein naustedøl, seier han.

Herstad avsluttar diskusjonen med eit spark til Askvoll.

Og eit aldri så lite til Førde:

Så til det viktige spørsmålet. Kva meme likar dei best?

Herstad veit ikkje heilt kva han skal velje.

– Kanskje den om Atløysambandet. Men også den med mannen som «ikkje alltid er for kommunesamanslåing».

Favoritten til Storehaug er meme-ein der gjengen (inkludert Ronald Reagan og George Bush Sr.) ler av at det ikkje er plass til Askvoll.

– Den er talande for situasjonen no, seier han med ein latter.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken