Trailer velta i Eivindvik – førar teken hand om av ambulanse

GULEN: Semitrailer velta over på sida i Midttunvegen i Eivindvik.

DEL

Litt over klokka 16.30 melde Vest politidistrikt at ein semitrailer hadde velta i Eivindvik i Gulen.

Førar har fortalde at han hadde ilt i hovudet og var skjelven etter hendinga. Brann, helse og politi rykte ut. Traileren var lasta med høyballar og skal ha velta like utanfor Eivindvik sentrum, opplyste politiet.

Litt over klokka 18.00 fortel Algrøy til Firda at føraren er teken hand om av ambulansepersonell.

– Føraren skal truleg ha slått seg litt i hovudet, seier han.

Vidare fortel han at traileren ligg på sida, men at den skaper ikkje trafikale problem for andre. Det er heller ingen lekkasje.

– Det er bestilt tungbilbergar som skal fjerne traileren, seier han.

Klokka 20.30 held bilbergar framleis på med å berge vogntoget. Sjåføren er køyrd til Nordhordland legevakt for sjekk, melder operasjonssentralen.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags