Desse skal styre Gulen

Heldt stand: Utfordrar Ivar Eide (H) tok ikkje innpå ordførar Hallvard Oppedal (Sp).

Heldt stand: Utfordrar Ivar Eide (H) tok ikkje innpå ordførar Hallvard Oppedal (Sp). Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Senterpartiet treng to mandat for å få fleirtal. Det prøver dei no å få til med Arbeidarpartiet

DEL

Hallvard Oppedal (Sp) og Ap er ikkje i mål enno, men Oppedal har god tru på at det blir dei to. Ap og Venstre er like store, men Venstre har fleire røyster. Ap må difor hjelpast inn i formannskapet, dette jobbar dei no med å finne løysingar på.

–  Det er gode erfaringar frå det raudgrøne samarbeidet sentralt. Vi ligg også nærare politisk, seier Oppedal, som dei siste åra har hatt samarbeid med Høgre.

Bjarte Undertun i Venstre er overraska over at Oppedal ikkje har invitert dei med i samarbeidet og meiner dei har hatt mykje felles politikk dei siste åra.

– Det er ikkje utelukka dersom vi klarer å få til eit breiare fleirtal, seier Oppedal.

Senterpartiet (9):

Hallvard Hallstein Oppedal

Helga Irene Ellingsen

Johnny Leidvin Langvatn

Rolf Daniel Midtun

Lars Atle Larsen

Kristin Margrete Byrknes

Lars Magnus Neverdal

Jon Ivar Steine

Arnhild Kjellevoll

Høgre (5):

Ivar Eide

Stein-Inge Larsen

Anne-Mette Dahl Andreassen

Bjørn Brekke

Kristin Mjanger

Arbeidarpartiet (3):

Rune Håvåg

Gerd Ingunn Ynnesdal

Odd Harald Per Eide

Venstre (3):

Bjarte Undertun

Daniel Olai Kvernøy

Margrethe Thune Trædal

Kristeleg Folkeparti (1):

Ingolf Wergeland

Artikkeltags