Bil med ein person køyrde utfor på Byrknes

Køyrd til Haukeland universitetssjukehus, men skadeomfanget er uvisst.

DEL

Litt før klokka 18.00 melde Vest politidistrikt at ein bil hadde køyrt utfor vegen på Byrknesøy i Gulen.

Bilen skal ha fått store materielle skadar. Naudetatane er på veg til staden, opplyser politiet.

Klokka 18.05 seier operasjonsleiar Arve Samsonsen at brannvesenet og ambulanse er framme på staden.

– Sjåfør er tatt hand om av ambulanse. Ulukka har skjedd like ved Nappsundbrua på fv. 4, men kva som er årsaka til utforkøyringa veit vi ingenting om, seier han.

Politiet sin patrulje er på veg frå Knarvik, så det vil ta litt tid før dei er framme.

18.45: Bilførar vert køyrd til Haukeland universitetssjukehus. Skadeomfanget er ukjent, melder politiet. Sjåføren er ein mann i 20-åra.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags