Motorsyklist skadd i ulykke i Gulen

Er frakta til Haukeland Universitetssjukehus.

DEL

Ein mannleg sjåfør i slutten av tenåra har hamna i ei trafikkulykke på fv. 57 i Gulafjordvegen i Gulen.

Ulykka skjedde ved Glenjevegen i krysset ved Gulafjordvegen.

Føraren skal vere bevisst, men har smerter i ein fot, melder politiet, som fekk melding om ulykka klokka 07.35.

Det skal ikkje vere andre køyretøy involvert i ulykka, som skjedde i eit kryss:

– Sjåføren av lettmotorsykkelen greidde ikkje å stoppe opp då ein bil framfor han stansa. Sjåføren klager på smerter i ein fot, men er elles våken og bevisst, seier operasjonsleiar Morten Rebnord til Firda.

Den unge føraren blir frakta til Haukeland.

Det er mindre skader på køyretøya.

Artikkeltags